Kjersti Toppes innlegg på Stortinget om bl.a. Ullevål sykehus 9.12.2019

Mange Senterpartirepresentanter på talerstolen under helsedebatt i dag! Særlig gjaldt det vårt engasjement om å hindre nedlegging av Ullevål sykehus – og om krisa i luftambulansen! Her er mitt hovedinnlegg:

President

Norsk helseteneste står ved eit skilje. Skal vi stoppe utviklinga mot et todelt helsevesen og auka sosiale helseskilnader, trengs ein ny helsepolitikk. Ein helsepolitikk som sikrar likeverdige helse-tenester og trygg helseberedskap i heile landet. Ein helsepolitikk for folkevald styring i staden for udemokratisk byråkratstyre. Ein helsepolitikk som satsar på førebygging og betre folkehelsepolitikk.

Norge har eit godt utvikla helsevesen, men no går utviklinga i feil retning. Vi har ei fastlegekrise i Norge. Vi har ei luftambulansekrise i Norge. Det er fakkeltog for fødeavdelingar, følgjeteneste og ambulanseberedskap. Norske sjukehus vil bryte arbeidsmiljølova over 500 000 gongar i år. Det er ny rekord. Aftenposten har kartlagt menneskerettsbrot og vold i eldreomsorga. VG har dokumentert svikt og svik i oppfølging av samhandlingsreforma.

Dette viser ei helseteneste som ikkje lenger er verdistyrt, men pengestyrt. Vi treng ein ny helsepolitikk. Senterpartiet vil reversere marknadsrettinga og ta faget og verdiane tilbake i den norske helseteneste. Senterpartiets alternative statsbudsjett drar helsepolitikken nettopp i denne retninga, som eit alternativ til regjeringas politikk for meir sentralisering, privatisering og marknadstenking innan helse.

Senterpartiet prioritere førebygging og folkehelsetiltak slik som fysisk aktivitet i skulen og gratis frukt og grønt for elevar. Vi styrkar sjukehusøkonomien til dei offentlege sjukehusa med 1 mrd. kroner og vil ta bort ordninga med stykkprisfinansiering av pasientar. Vi prioriterer fødsels- og barselsomsorga og ei styrka ambulanseteneste, for å sikre folk tryggheit for dei viktige tilboda.

Vi foreslår eit løft for psykisk helsevern, med øyremerka midlar til Barne- og ungdomspsykiatrien og distriktspsykiatriske sentra. Krisa i fastlegeordninga er blitt til på denne regjeringas vakt. Fastlegeordninga er grunnmuren i kommunehelsetenesta. Rekrutteringssvikten er no alvorleg og legeflukta frå og ordninga har nådd inn i dei store byane. Senterpartiet foreslår 400 nye stillingar til neste år for allmennlege i spesialisering. I tillegg føreslår vi 160 nye turnusstillingar på sjukehus (LIS 1).

Senterpartiet styrkjer kommuneøkonomien med 2,5 mrd.kroner for å gi kommunane nødvendige rammer til å yte gode helsetenester nær der folk bur. Vi foreslår eit nytt investeringstilskot til kommunar som vil etablere tryggleiksbustader for eldre. Vi har særskilde satsingar til arbeidet mot antibiotikaresistens, legemiddelmangel og til pårørandearbeid. Vi prioriterer midlar til stiftelsen organdonasjon, og til likemannsarbeidet på ulike felt i helsetenesta.

President. Senterpartiet går i mot lånesøknaden til nytt Oslo Universitetssjukehus. Låneramma er på 29,1 milliardar kroner i første fase. Det er den største sjukehusinvesteringar i Norge noen gang. Prosessen er sterkt kritisert og forslaget blir møtt med unison motstand og sterk bekymring frå alle dei tilsette sine organisasjonar og pasient- og brukarorganisasjonar. Prosessen er også kritisert for å ikkje vere i tråd med statens eigne tidlegfaseveiledar for sjukehusbygg.

Helseministeren vedtak på eit lukka føretaksmøte i 2016, er i dag førande og til hinder for ei grundig og seriøs utredning av Ullevål- alternativet. Det føreslåtte alternativet med samla utbygging på Gaustad blei forkasta av førre administrerande direktør i OUS, Siri Hatlem, allereie i 2010. Virksomheitsplan er ikkje blitt førelagt før val av modell blei fatta i føretaksmøte. Det er reist vesentleg kritikk mot tomteval og den reguleringsmessige risikoen. Det er også reist kritikk fordi forslaget ikkje vil løyse kapasitets-utfordringane i regionen som heilheit.

AHUS er underdimensjonert og AKER vil ikkje kunne bli lokalsjukehus for heile Groruddalen før eventuelt etter mange år. I tillegg er det stor usikkerhet rundt økonomien i prosjektet. Byggeplanane føreset ein kraftig effektivisering av drifta i forkant av utbygginga, og at helseføretaka oppnår store driftsøkonomiske gevinstar i etterkant. Ikkje minst er det reist fagleg kritikk til ny struktur, særleg i frå traumemiljøet sidan forslaget betyr ei splitting av eksisterande, sterke fagmiljø. Ei tverrfaglig arbeidsgruppe med Eilif Holte i spissen la i april i år fram rapporten Parksjukehuset Ullevål. Den dokumenterer at Ullevåltomta er langt meir egna for sjukehusbygging enn Gaustad.

Parksjukehuset – som også er Senterpartiets alternativ – er 20 mrd.kroner billegare enn å bygge å Gaustad. Senterpartiet føreslår difor å planlegge sjukehusutbygginga i Oslo rundt ein modell der Ullevål blir bygd ut som eit stort akuttsjukehus med traumesenter, Aker sjukehus blir nytt lokalsjukehus for heile Groruddalen, Radiumhospitalet blir oppretthaldt som spesialisert kreftsjukehus og Rikshospitalet vert oppretthaldt uforandra for lands og regionsfunksjonar. I seinare fasar kan det skje ein samling og Rikshospitalets funksjonar på Ullevål.

Det er stort fleirtal i Oslo for å behalde Ullevål sjukehus, slik vi foreslår. Sju av ti Osloinnbyggjarar støtter Senterpartiet i denne saka. Senterpartiet er no representert i Oslo bystyre, der det er fleirtal mot å legge ned Ullevål og mot å vedta sjukehusregulering på Gaustad. Sjølv om Senterpartiet tapar denne saka i Stortinget i dag, er siste ord ikkje sagt. Og- i 2021 er det nytt stortingsval….

President. Luftambulanseberedskapen i nord er i krise. I løpet av kort tid har ein rasert ei svært god og trygg luftambulanseteneste, på grunn av ein skandaløs anbodsprosess og inkompetanse i helseføretaka. Vi har ei regjering som har latt dette skje og ein statsråd som ikkje har tatt ansvar. Kaoset vi har no, var varsla. Situasjonen er utan politisk kontroll.

I går sto 5 av 11 fly spå bakken. Fire av dei på grunn av motorfusk. Babcock veit ikkje kva dette vil koste eller når flya er tilbake i normal drift. Og det verste – dei veit ikkje kva som feilar flya. Svikten var kjent allereie i august. Først i desember blei flya satt på bakken. Tidlegare i haust vart det kjent at flya hadde eit navigerings-system som ikkje fungerte nord for 70 grader. Det gjorde det vanskelig å lande flya i mørke og ved dårleg sikt. I tillegg kjem pilotmangelen, som har vore kjent og varsla lenge.

Situasjonen er dramatisk. Helseminister og regjering har ikkje forstått alvoret. Det er gått politisk prestisje i saka. Helseminister har forsvart anbodsprosessen og kontrakten frå dag 1.Kontrakten som skulle gi betre tenester men til redusert pris. Det har gått som det måtte gå. Senterpartiet tok opp denne saka fyrste gongen i Stortinget i januar 2018, for to år sidan. Stortinget gjorde i juni 2018 vedtak om å be regjeringa sikra luftambulanseberedskapen over heile landet og å evaluere anbodsprosessen.

Det er beklagelig at vedtaka ikkje er følgd opp. Det er forståeleg at folk i nord blir provosert når statsministeren står i Stortinget og hevdar at beredskapen er styrka, og helseministeren skriv at beredskapen er over 100 prosent.

I røynda er beredskapen sterkt pressa. Nordlys melder om frustrerte pilotar, redde sjukepleiarane og ein befolkning som fryktar at liv og helse ikkje blir forsvarleg ivaretatt. UNN- direktøren fortel om helsepersonell som gjer sitt yttarste for å gi pasientar eit forsvarlig tilbod i den krevjande situasjonen dei står i. Legar står fram og fortel om totalt uverdige og lange bilambulansetransportar av svært sjuke pasientar, barn og eldre. Planlagde operasjoner blir utsatt og sengepostane er fulle.

Senterpartiet krev no at Høie kjem på banen og tek ansvar. Vi foreslår at staten overtar luftambulanseflytenesta og at kontrakten mellom Luftambulanseflytenesta HF og Babcock blir heva som følge av at selskapet ikkje har evna å levere luftambulanseberedskap i tråd med kontrakt. Luftambulansetjenesten HF har vist at dei ikkje har hatt kontroll eller nødvendig kompetanse i denne saka.

Regjeringa må sikre både kortsiktige og langsiktige tiltak for å skape stabilitet og forutsigbarheit i denne kritisk viktige bereskapstenesta. Vi føreslår at dei fem ambulanseflya som høyrer til tidlegare operatør, om nødvendig må bli sett inn i tenesta saman med forsvarets helikopter som strakstiltak. Vi føreslår ein en ekstern uavhengig gransking av heile prosessen med luftambulanseflyanbodet og operatørbyttet. Med det tar eg opp Senterpartiet sine forslag i sakene.

This entry was posted in Ullevål. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.