Fleire skal ha moglegheit til å kjøpa eller leiga eigen bolig i Oslo

Resolusjon fra årsmøtet i Oslo Senterparti 4.2.2017:

Den kraftige prisveksten som har vore og er, i boligmarknaden i Oslo gjer det problematisk for fyrstegongskjøparar å få kjøpt seg sin eigen bupel. Berre i løpet av 2016 auka boligprisane med 23,3 prosent. Det skuldast i stor grad ubalanse mellom tilbod og etterspørsel etter bolig i hovedstaden. I tillegg er det eit reelt problem at mange, primært, leiligheiter vert nytta til utleigeformål i ein av Europas minst regulerte boligmarknadar.

Eit av de viktigaste verkemidla for å auka boligbygginga i Norge, er Husbanken. Dei siste åra har tilgongen på private huslån vore god, og andelen boligar finansiert av Husbanken har derfor sunke frå 42 prosent i 2003 til under 20 prosent i 2012. I dei siste åra har Husbanken gått frå å vera ein ”boligbyggar” til å verte meir ein velferdsetat. Husbanken formidlar bustønad, startlån og boliglån til miljø- og utbetringstiltak, medan finansiering av den generelle boligpolitikken er overlate til private aktørar i marknaden.

Me må gjenreisa samarbeidet mellom kommunar, Husbanken, boligbyggjelag og andre utbyggjarar for å auka tilgongen på boligar til fyrstegongskjøparar. Husbanken må i fyrste rekkje vera ein koordinator og stå for finansieringa av framtidsretta, miljøvenlege boligar med nøktern standard. Kommunane må bruka den rolla dei har gjennom plan- og bygningsloven til å styra boligpolitikken i eigen kommune. Låneramma til Husbanken må aukast til 20 milliardar kroner, som er omlag 5 milliardar meir enn dagens ramme.

For å betra forholda ytterlegare for fyrstegongskjøparar og redusere talet på sekundærboligar, vil Senterpartiet at botnfrådraget for sekundærbolig vert fjerna. Dette vil resultera i at eigarar av sekundærboligar må skatta av boligen, uavhengig av verdien på boligen. Ved å innføra eigedomsskatt for alle sekundærboligar, kan det verta mindre attraktivt å eiga fleire leiligheiter, og dermed vil potensielt fleire få moglegheita til å kjøpa primærbolig.

I situasjonar der prisstiginga på boligar i sentrum av storbyane held seg dramatisk høg over tid, vil Oslo Senterparti vurdere å innføre forbod mot sekundærboligar. Dette vil frigjere boligar på marknaden og roe ned prisstiginga, samstundes som det motverkar auka sosiale skilnader mellom dei som er fyrstegongskjøparar og dei som har eigd bustad over tid.

Oslo Senterparti viser òg til at situasjonen for aleinebuande på boligmarknaden, har vorte svært mykje vanskelegare med åra. I sum har aleinebuande høgare levekostnadar per person enn gjennomsnittet. Aleinebuande i Oslo har ein total forbruksutgift som er 40 prosent høgare enn aleinebuande utanfor dei store byane har. Difor meinar Oslo Senterparti at det må innførast eit særskilt skattefrådrag for aleinebuande, og ein omlegging av kommunale avgifter frå å vera basert på buareal til å verte basert på forbruk. Det er både miljøvenleg og gir single en tryggare busituasjon.

Difor vil Oslo Senterparti:

  • Auka botnfrådraget på primærbolig frå 4 millionar til 6 millionar og fjerne botnfrådraget på alle sekundærboligar i Oslo kommune
  • Utvida låneramme til Husbanken på 20 milliardar
  • Gi skattefrådrag til aleinebuande og endra utrekning av kommunale avgifter frå å vera basert på buareal til å vera basert på forbruk
  • Vurdere forbod mot sekundærboligar når høg prisstigning over tid skapar sosiale skilnader.

 

This entry was posted in Årsmøte, Byutvikling, Resolusjoner. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.