Jenny Klinge i VG: Slagordet «by og land, hand i hand» er viktigare enn nokon gong

NYTTE AV HVERANDRE: – Men med ei litt anna innstilling kan ein sjå den gjensidige nytten by og land har av kvarandre - og at dei som bur på Austlandet ikkje treng å vera dårlegare til å køyre på vinterføre sjølv om det blir meir kaos der under eit meir eller mindre kraftig snøfall…, skriver Jenny Klinge (Sp). 

NYTTE AV HVERANDRE: – Men med ei litt anna innstilling kan ein sjå den gjensidige nytten by og land har av kvarandre – og at dei som bur på Austlandet ikkje treng å vera dårlegare til å køyre på vinterføre sjølv om det blir meir kaos der under eit meir eller mindre kraftig snøfall…, skriver Jenny Klinge (Sp). 

Det kan fortone seg som risikosport for ein stortingsrepresentant og førstekandidat frå eit distriktsfylke å gi uttrykk for hovudstadssympati, slik eg gjer no.

JENNY KLINGE, stortingsrepresentant i Senterpartiet. 

Eg fekk umiddelbart sympati for kommentaren «Forsvarsskrift fra Ring 3», skriven av VGs Axel Støren Wedén. Denne kommentaren stod på trykk torsdag 17. august, og det som først vekte interessa mi, var setninga om at hovudstaden er «et sted man elsker å hate».  

Jenny Klinge, Senterpartiet. 
Jenny Klinge, Senterpartiet. 

Foto: Terje BringedalVG

For dette blir ikkje klårt berre i diskusjonar om sommarvêret i ulike delar av landet, som Wedén viser til – når det helst ikkje skal nemnast at hovudstaden vår opplagt har fleire dagar med fint og varmt vêr enn eksempelvis Førde eller Bodø. Det blir også klårt når nyheitene melder om stort snøfall og store problem i trafikken i Oslo. Då snøftar gjerne vi som bur i distrikta – der det snør oftare og verre enn i Oslo – over at desse håplause austlendingane ikkje har lært seg å køyre bil på vinterføre. 

Burde ta hovedstaden i forsvar

Sjølv har eg terga på meg fleire når eg i slike samanhengar har opplyst om at det faktisk er langt, langt høgare trafikk på desse vegane i hovudstaden vår enn det er der vi bur, og at det er særs krevjande å få brøyta og strødd alle desse vegane. Ergo vil snøfall og biluhell der gi større konsekvensar for mange fleire. 

Det er snart stortingsval, og det kan fortone seg som risikosport for ein stortingsrepresentant og førstekandidat frå eit distriktsfylke å gi uttrykk for hovudstadssympati, slik eg gjer no. Wedén uttrykkjer sjølv i kommentaren sin at fleire politikarar burde ta hovudstaden i forsvar og kjempe for saker som er viktige der. Samtidig gir han eit spark til nettopp oss i Senterpartiet for å bidra til å auke motsetnadene, når vi kan bruke uttrykk som «Oslo-eliten». 

Denne kritikken er eg delvis einig i, delvis ueinig. Einig fordi uttrykket er veldig generaliserande, og kan gi inntrykk av at stort sett alle i Oslo er del av ein elite berre fordi dei bur der dei bur. Slik er det sjølvsagt ikkje. Ueinig i kritikken er eg fordi det faktisk er samla mykje makt i Oslo, og makt avlar gjerne meir makt. I eit land som Noreg bør vi ha eit klårt mål om å spreie maktfunksjonar og offentlege arbeidsplassar på ein slik måte at det tener heile landet. Men ja, Oslo er opplagt hovudstaden vår og har vore og skal framleis vera eit maktsentrum.

Wedén har også andre viktige poeng: Til og med i Oslo blir det lagt ned lokalsjukehus, og ungar har i delar av hovudstaden altfor dårleg tilgang til idrettsanlegg. Han etterlyser derfor reelle Oslo-politikarar som kjempar for byen sin. Då har eg eit framlegg: Stem inn Aisha Naz Bhatti, som er Senterpartiets førstekandidat til årets stortingsval. Ho har allereie starta valkampen for å bli første Senterparti-representant frå Oslo sidan Bislett-general Arne Haukvik representerte oss på Stortinget i åra 1993-1997. For ein ting kan ein vera sikker på: Stortingsrepresentantar frå Senterpartiet kjempar med nebb og klør for fylka dei er innvalte for, og i år er det på tide at Oslo får ein slik type forkjempar igjen.

By og land, hand i hand

Det som også kjenneteiknar stortingsrepresentar frå Senterpartiet, er at vi har vilje og evne til å bry oss om heile landet i tillegg til vårt eige fylke. Derfor har vi ikkje gløymt Oslo i alle dei åra vi har vore utan stortingsrepresentant frå dette fylket. For min eigen del – som justispolitisk talskvinne for Senterpartiet – har eg hatt stor nytte av å besøke alt frå politistasjonen på Stovner til JussBuss midt i sentrum. Kampen mot arbeidslivskriminalitet er ei kjernesak for Sp.

Dette er eit problem som er spesielt aktuelt i Oslo, der bruken av ulovleg innleigd arbeidskraft er omfattande. Vi er i tillegg opptekne av å kjempe mot segregeringa i Oslo-skulen. Blant verkemidla som førstekandidaten vår har teke til orde for, er å justere skulegrensene aktivt og styrke tospråkleg opplæring i skulen. I alternativt statsbudsjett har Senterpartiet gjort framlegg om ei rekkje tiltak som vil gagne Oslo: Oslo kommune ville fått 161,7 mill. kroner meir i kommunekassa enn med regjeringa sitt framlegg, og Helse Sør-Øst ville fått 531 mill. kroner meir.

Kva er konklusjonen min om alt som er innanfor Ring 3 og om resten av landet? Jo, det er at slagordet «by og land, hand i hand» er viktigare enn nokon gong. Sjølvsagt er det naturleg at vi identifiserer oss mest med den staden vi bur og at vi kan ha nokre skeive kommentarar om andre stader – også om hovudstaden for dei som ikkje kjem derifrå. Men med ei litt anna innstilling kan ein sjå den gjensidige nytten by og land har av kvarandre – og at dei som bur på Austlandet ikkje treng å vera dårlegare til å køyre på vinterføre sjølv om det blir meir kaos der under eit meir eller mindre kraftig snøfall…

This entry was posted in Debattinnlegg. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.